Stamina Region Nord/Vest

Stamina Helse Sogn og Fjordane søkjer lege/ bedriftslege i 100% fast stilling

Lege/Bedriftslege

Stamina Helse er Noreg si største bedriftshelseteneste, med over 50 kontor rundt om i landet. Gjennom arbeid med systematisk HMS, arbeidsmiljø og helse arbeider våre 550 tilsette kvar dag for friske folk i sunne, trygge og produktive arbeidsmiljø.

Stamina Helse avdeling Sogn og Fjordane søkjer lege/ bedriftslege i 100% stilling.

Avdelinga vår består av eit engasjert og tverrfagleg team med 16 dyktige medarbeidarar, lokalisert i Førde og Sogndal. Du vil vere med på å vidareutvikle våre tenester, slik at vi kan møte morgondagen sine utfordringar og bidra til betre folkehelse.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Risikobaserte, målretta helsekontrollar
  • Arbeidsmedisinsk poliklinikk for tilsette med arbeidsrelaterte helseplager
  • Utarbeiding og kvalitetssikring av rapportar  
  • Bistå kundar og kollegaer med helsefagleg rådgjeving
  • Helsesertifisering (offshore/sjøfart/førarkort/røykdykkar m.m.)
  • Rådgjeving og oppfølging av sjukefråvær
  • Oppgåver innan systematisk HMS, bl.a. befaring ute i verksemder
  • Kurs/undervising for kundar innan relevante tema


Krav til utdanning og erfaring:

 

  • Du må ha autorisasjon som lege i Noreg
  • Ønskjeleg at du er spesialist i arbeidsmedisin (ferdig spesialist eller i pågåande utdanningsløp). For den rette kandidaten vil vi tilrettelegge for spesialisering
  • Ønskjeleg med erfaring frå bedriftshelseteneste 
  • Ønskjeleg at du har godkjenning som petroleums- og sjømannslege. For den rette kandidaten vil vi tilrettelegge for kurs.


Vi ser etter deg som:

 

  • Er engasjert i arbeidsmedisin og ønskjer å fremje det arbeidsmedisinske faget 
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Trivast med å jobbe tverrfagleg / i team 
  • Har evne til å planlegge og å jobbe sjølvstendig og systematisk
  • Trivast med å undervise
  • Er serviceinnstilt og oppteken av å bistå kundane våre med gode faglege leveransar

 

 

 

 

Vi tilbyr:

  • Ei spennande stilling i Stamina Helse
  • Stort fagmiljø og samarbeid om arbeidsmedisin      nasjonalt
  • Eit tverrfagleg miljø innan arbeidshelse,      psykososialt arbeidsmiljø, sjukefråvær, ergonomi, systematisk HMS,      livsstil og rus/avhengigheit
  • Gode moglegheiter for påverknad og personleg      utvikling
  • Eit unikt og humørfylt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Søkjar må pårekne noko reise i arbeidet. Stillinga krev at søkjar har førarkort og kan stille bil til disposisjon. Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg.

 

Vil du vere med å arbeide mot vår visjon "fleire friske folk"? 

 

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heltid/Deltid:
Heltid
Arbeidstid:
Dag
Kontaktpersoner:
Wenche Elveseter
mob: +47 48021535
Tilbake til toppen